Ei sak i Firda har skapt uro i Vadheim om kva Høyanger Industrikraft kan bety for bygda. Rolf Sanne-Gundersen, som arbeider med ny energi i Eviny, har svart i eit innlegg i Ytre Sogn. Her er det viktigaste.
Ingen lagring av turbinblad i Vadheim
Planinitiativet legg ikkje opp til lagring av turbinblad i Vadheim. Det seier heller ikkje noko om ei stor hamn, kranfundament eller store lagerområde ved fjorden – det er ikkje omtalt i nokon av planane våre.
Vadheim er i dag utgangspunktet for arbeidet med ilandføring og tilkomst – ikkje lagring. Om, og eventuelt korleis, det er mogleg å frakte turbinblad via Vadheim, veit vi ikkje enno.
Eit planinitiativ, ikkje ein ferdig plan
Planinitiativet peikar på område og løysingar som bør vurderast nærare. Det er ikkje bestemt:
kvar ei eventuell ilandføring skal skje
kva areal ved fjorden som kan bli aktuelle
korleis transporten vidare frå bygda kan løysast
Dei innteikna områda er ikkje ferdige trasear eller konkrete utbyggingsløysingar. Det finst fleire måtar å løyse transport på. På Haramsøya kom til dømes 67 meter lange turbinblad med skip til kai og vart køyrde vidare med lastebil. Kva som eventuelt kan fungere i Vadheim, og kor mykje areal det krev, er noko den vidare planlegginga må avklare.
Vi veit at det er trongt i bygda
Ei løysing gjennom Vadheim kan reise viktige spørsmål om trafikktryggleik, bustadområde, skuleveg, friluftsliv og nærmiljø. Difor må dette greiast grundig ut.
Etter at planinitiativet vart sendt inn, har vi hatt dialog med Høyanger kommune om område og løysingar kommunen meiner er utfordrande. Vi arbeider vidare med innspela og vurderer endringar og reduksjonar i planområdet.
Vi lyttar før vi konkluderer
Innspel frå dei som bur, arbeider og ferdast i Vadheim er viktige. Ny kunnskap kan føre til at løysingar vert endra, justerte eller forkasta – det er nettopp det ein planprosess skal gjere. Ein eventuell konsesjonssøknad seinare vil vere langt meir konkret enn planinitiativet.
Innbyggjarane i Vadheim skal kunne stille kritiske spørsmål og meine at prosjektet ikkje bør realiserast. Vi held fram dialogen med kommunen og bygda, og skal vere opne om utfordringane medan vi finn ut om det er mogleg å lage tilkomst som tek mest mogleg omsyn til Vadheim.
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt – kontaktinformasjonen finn du nedst på framsida.
Innlegget stod på trykk i Ytre Sogn 12. november 2026. Les heile innlegget i Ytre Sogn →