Oppdatering om prosjektet

I november 2024 godkjende Høyanger kommunestyre planinitiativ for Snøheia Industrikraft (sendt inn av Hydro, Eviny og Zephyr) og Høyangerfjell vindkraftverk (sendt inn av Fred. Olsen Renewables). Dei same planinitiativa vart òg sende til Sunnfjord kommune, men vart seinare trekte. Sidan den gong har Hydro og Eviny kjøpt Zephyr ut av Snøheia Industrikraft.

Eitt samla prosjekt

Det har teke noko tid å kartleggje kva moglegheiter som finst for å modne eit vindkraftprosjekt i Høyanger utan at Sunnfjord kommune er med. Hydro og Eviny valde å gå i dialog med Fred. Olsen Renewables, og partane har vorte samde om at Hydro og Eviny kjøper ut Fred. Olsen og tek over prosjektplanane deira.

På denne måten kan vi vurdere heile området som Høyanger kommune tidlegare har godkjent planinitiativ for, som eitt samla prosjekt, og sjå dei ulike delane av området opp mot kvarandre. Det gir betre føresetnader for å prioritere dei areala som samla sett er best eigna, og velje bort område der konfliktane viser seg å vere størst.

Prosjektet har fått namnet Høyanger Industrikraft, sidan Snøheia ikkje lenger er ein del av planområdet. Eit oppdatert planinitiativ er sendt til kommunen for politisk handsaming.

Eit førebels planområde

Planinitiativet viser eit førebels planområde. Vi veit allereie at nokre av områda som er teikna inn, har større utfordringar enn andre, mellom anna knytt til natur, landskap og friluftsliv. Samstundes er kunnskapsgrunnlaget på dette stadiet ikkje godt nok til å trekkje ei endeleg grense mellom areal som er meir eller mindre eigna for utbygging.

Vi meiner derfor det vil vere uheldig å avgrense planområdet ytterlegare før konsekvensane er betre kartlagde. Konsekvensutgreiingane, saman med innspel frå kommunen, lokalsamfunnet og andre interessentar, vil bli brukte aktivt til å optimalisere og redusere prosjektområdet fram mot ein eventuell konsesjonssøknad.

At planområdet no omfattar dei to tidlegare prosjektområda, betyr ikkje at heile området er aktuelt for utbygging..

Dette er nytt

  • Planområdet er det samanslegne området for Snøheia og Høyangerfjell i Høyanger kommune. Areala i Sunnfjord er tekne ut. Området har auka frå om lag 28 km² til om lag 30 km².

  • Storleiken på kraftverket er om lag den same som før: opptil 350 MW og rundt 1 TWh i året. Det større planområdet gir fleksibilitet til å finne den løysinga som gir minst negative verknader – ikkje ein ambisjon om eit større kraftverk.

  • Inntektene til kommunen kan bli opp mot 50 millionar kroner i året. Tidlegare ville summen vorte fordelt mellom Høyanger og Sunnfjord – no går alt til Høyanger.

  • Tilkomstvegane er endra slik at Sunnfjord ikkje lenger er omfatta.

  • Nettilknytinga er meir avklart. Statnett vurderer prosjektet som modent for reservasjon av nettkapasitet.

  • Avstand til busetnad: Næraste heilårsbustad ligg om lag 1,8 kilometer frå plangrensa, ved Dale i Dalsdalen. Tidlegare var det om lag 800 meter til enkelte bustader ved Øksland.

  • Grunneigarar: Om lag 30 grunneigarar kan bli råka, mot om lag 50 tidlegare.

Vegen vidare

Vi arbeider no med ei melding med framlegg til plan- og utgreiingsprogram, som skildrar prosjektet og området grundigare, og kva som skal greiast ut og korleis. Programmet vert sendt på offentleg høyring, og skal fastsetjast av Høyanger kommune og NVE før konsekvensutgreiingane kan starte.

Vi ber ikkje om løyve til å byggje no – berre om å få greie ut om området er eigna for vindkraft.

Forrige
Forrige

Kvifor Hydro treng meir kraft i Høyanger